"> Kjøreruten mellom Østlandet og Sørlandet
   
Velkommen til Telemarksvegen

Telemarksvegen - Rv. 41 - slynger seg vakkert gjennom 6 komunar frå Sørlandet til indre Telemark. På sin veg gjennom kommunane Kristiansand, Birkenes, Froland, Åmli, Nissedal, Kviteseid byr Telemarksvegen på 180 km av det ekte Norge. Naturen er mangfaldig og flott med sine salte svaberg, grønne heiar, fiskerike vatn, vakre fossar og steile fjellvegger. Som ein smakebit av Telemark på veg til fjordane, eller som ein del av ein rundtur, er Telemarksvegen eit flott alternativ. Gamle kulturminne og den lokale kunst- og handverkskulturen er sentrale langs vegen.


Telemarksvegen byr også på aktivitetar og opplevingar som fjellklatring, golf, kanopadling, beversafari, fisking og bading og sjølvsagt vinteraktivitetar i områda Gautefall og Vrådal.

Telemarksvegen har tri stavar med ulike symbol i toppen som eit fast element langs vegstrekket. Så langt er åtte stavgrupper sett opp. Les kva Vest-Telemark Blad skriv.

 

 

 Powered by Makeweb 

Webansvarlig: E-post